
Arbeidsmiljø og trivnad

Einekavane AS er Masfjorden kommune sitt fremste organ for arbeidstrening, habilitering, rehabilitering, attføring og aktivisering. Dette kan være på kort og
lang sikt.
Vi har óg varig verna arbeidsplassar (VTA) for menneske som har trong for det. Einekavane skal væra tiltaksarrangør for yrkesvalhemma
arbeidstakarar i regi av NAV. Verksemda er organisert som eit aksjeselskap der Masfjorden kommune eig 100% av aksjane. Einekavane vart eigen bedrift 01.07.2004.
Vi er no 6 tilsette i ulike stillingsprosentar og har 8 VTA plasser.
På Einekavane har vi eit veldig godt arbeidsmiljø, der vi set trivsel på arbeidsplassen som det viktigaste.
Arbeidstida er frå kl. 07.30 til kl.15.00 Men det er individuelt kor lange dagar, og kor mange dagar i veka ein vil arbeida. Arbeidstakaren må væra uføretrygda, væra i ein attføring eller i ein rehabiliteringssituasjon.
Einekavane vil i komande periode kunne tilby praktisk arbeid innan fylgande område.
- Variert produksjonsarbeid innan kjøkken/bakeri og konditorfag
- Aktivitør i dagsenter
- Ved og strøproduksjon
- Sjåfør til utkjøring av ymse produkter
- Drift og reinhald av symjebasseng
- Reinhaldsoppdrag
- Uttak og levering av vassprøver
- Vedlikehald av bygningar
- Vedlikehald av uteareal sommar og vinter
- Vaskeri
Dersom du har er i målgruppa vår - og ynskjer arbeid eller arbeidstrening, då må du ta kontakt. Dette gjeld enten du har mykje eller liten arbeidsevne.
Ring oss på telefon 56 36 74 22
eller mobiltelefon 908 71 192.
Spør etter daglig leiar Øyvind Kristoffersen.
Vil du ha meir informasjon om kva Einekavane er og står for - då er du sjølvsagt velkomen til å koma innom for ei omvising
og meir informasjon.
Vi har bruk for deg og dine resursar.
Oppdrag og arbeidsmengde aukar.
Du kan lasta ned informasjonsfolder ved å klikke på linken under. Du treng programmet Acrobat Reader for å lese brosjyren.
Dersom du ikke har programmet, kan der lastast ned her.
| folder_einekavane.pdf (147kb - 18 sec at 64K ISDN) |
VERDIDOKUMENT
Våre Verdier er : Arbeid – Aktivitet – Trivsel.
Arbeid : Einekavane a/s er kommunens fremste organ for arbeidstrening, habilitering, atføring og aktivisering. Dette kan være på lang eller kort sikt. Vi er tiltaksarangør for yrkesvalhemma arbeidstakara i regi av Nav.
Aktivitet : Vi prøver å finna arbeid som kan passa kvar enkelt arbeidstakar. Vi tilbyr for tida mange ulike arbeidsoppdrag både utandørs og inne.
Gjennom VTA- ordninga tilbyr vi arbeidsoppgåver som er tilpassa den enkeltes yteevne.
Trivsel : Systematisk arbeid for å fremme et godt psykososialt miljø, der den enkelte brukar kan oppleva trygheit og sosial tilhørighet.
På samme måte som arbeidsmiljøet er viktig for at arbeidstakerne skal trivast og gjere en god jobb, er miljøet viktig for brukaranes`s trivsel og prestasjoner. Det fysiske arbeidsmiljøet ved Einekavane er viktig, men det er ikke nok. Kva hjelper det at det fysiske miljøet er bra om forholdet mellom brukarane er dårlig.
Arbeidet med trivsel og helse involverer både ledelse, arbeidstakara, psykiatrisk sykepleier, ansvars gruppe og bruker.
Kvalitetspolitikk
Einekavane a/s er godkjent tiltaksarangør for yrkesvalshema arbeidstakara i regi av Nav.
Vår hovedmålsetting er at alle har rett til å delta i arbeidslivet ut fra eigne forutsetningar.
Trivsel og meningsfylte oppgaver tilpasset den enkeltes yteevne.
Vi skal lage individuelle handlingsplanar i lag med den enkelte arbeidstakar.
Våre verdier er : Arbeid, Aktivitet og Trivsel.
Våre visjoner er : Vi kan, Vi vil - og vi får det til.
YRKESETISKE RETNINGSLINJER VED EINEKAVANE A/S
Bakgrunn
Samfunnsmandatet til Einekavane er å utvikla menneske.
Vårt viktigaste mål er å gi dei som har ei kortvarig eller langvarig begrensning i sine jobbvalg muligheiter til å delta i eit aktivt yrkesliv, i staden for å passiviserast på trygd.
Mange av våre arbeidstakara har medfødde begrensningar, men stadig fleire er her ei tid for å byggja seg opp igjen, eller avklara arbeidsevne.
Eit felles etisk verdigrunnlag er ei viktig føresetnad for kvalitet og kvalitetssikring av dette arbeidet. Etikk eller norm for atferd og holdningar byggjer ofte på den fagkompetanse og arvebærende kultur og tradisjon som råder i eit fellesskap. I fellesskap der yrkesetikk ikkje får ein planmessig utvikling, kan den stort sett utvikla seg fritt ved hjelp av smitteeffektar og tradisjonsarv.
Kulturen i bedrifta skapast og utviklast av menneska på bakgrunn av faglige og personlige verdiar, holdningar, normer og religion. Både ansatte og deltakara er bærare av ulike kulturar som dannar grunnlaget for korleis arbeidsplassen opplevast. Kulturen blir rettesnor for all atferd. Dersom ikke atferden styres kan verdinormene utvikle seg på en måte som ikkje er i tråd med fellesskapet. Vi drar ikkje lasset saman og i ytterste konsekvens kan deltakarane utsettast for urett og forskjellsbehandling.
Verdigrunnlag
Vi skal respektera det enkelte menneskets integritet og eigenverd uansett han / hennas sjukdom eller helseproblem. Vi skal ta det individuelle verdisystem i betraktning når arbeid / omsorg planleggast og gjennomførast.
Et heilhetlig menneskesyn er ein viktig forutsetning for kvalitet på tilbud ved ”Bedriften”. Vi skal respektere fysiske – psykiske og åndelige behov. Ansatte og brukere må samhandle som likeverdige partnere med ulik erfaring og bakgrunn.
Tiltaksdeltakera og deres pårørende, våre kunder og samarbeidspartnere, skal kunne stole på vår taushetsplikt og en korrekt opptreden fra vår side. Alle skal føle vår tillitt og at vi ikkje misbruker andres tillitt.
Retningslinjer for forhold mellom personer tilknytta ”Bedriften”.
Dersom det oppstår ”parforhold” mellom
- Tiltaksdeltakera
- Eller tiltaksdeltakar og saksbehandlar
- Eller tiltaksdeltakar og eller arbeids - /avdelingsleder
- Eller kolleger på ordinære ansettelsesvilkår
Skal daglig leiar orienterast for at eventuelle konsekvenser skal vurderast Konsekvensvurderinga skal byggja på verdigrunnlaget i ”Yrkesetiske retningslinjer ved Bedrifter”. Styret skal orienterast om behandla tilfeller.
Forholdet til deltakara
- Vi skal ha som mål at vi alltid skal arbeide ut fra ansatte og deltakars beste. ”kunsten å omgås kvarandre.”
- Vi skal være ydmyke overfor kvar enkelts behov.
- Vi skal ha fokuset på mennesket, arbeidstakerens interesse skal alltid komme foran bedriftens økonomiske interesser, dersom disse kommer i konflikt med kvarandre.
- Dersom du observerer noko du er usikker på så skal det gis melding til næraste overordnede, for å dela problemstillinga med nokon andre.
- Det er viktig å læra seg å kjenne eigne grenser, når det gjelder toleranse, veiledning og samtale.
- Møter i personalgruppa er fora for å drøfte problemstillingar som oppstår. Fellesskapet her er til for å løysa oppgaver som er for store for den enkelte.
- Vi skal ikke opptre krenkande overfor nokon av de som er på tiltak hos oss. Krenkande atferd kan føre til suspensjon og eller avskjed.
- Møter mellom saksbehandlar og tiltaksdeltakara som ikke foregår i bedriftens lokaler skal foregå på ”nøytral” arena. (ikkje heime hos…)
Forholdet til kollegar
- Vi må respektera kvarandre, finne gode løysninger saman.
- Gjennom å gi kvarandre tilbakemeldingar kan vi gjere kvarandre gode.
- Det skal væra stor takhøyde ved møter i personalgruppa.
- Ingen har ”monopol på vettet”
Forholdet til samarbeidspartnara og kunder
- Vi skal gjere oss fortjent til våre samarbeidspartnara og kunders tillit.
Forholdet til media
Kontakt med media skal avklarast med daglig leiar.

